Forskingssamarbeid med Universitetet i Bergen og NORCE
I samarbeid med Sigurd Handeland har Bulandet Miljøfisk inngått eit forskingssamarbeid med Universitetet i Bergen og forskingsfellesskapet NORCE. Prosjektets føremål er å utvikle ein ny protokoll for intensiv produksjon av robust postsmolt av laks ved bruk av semi-intensiv resirkuleringsteknologi og aktiv bruk av varierande staumhastigheit for trening av fisk. Hypotesa er at ein slik metode vil betre fisken si velferd, helsetilstand, stressrespons og tilvekst.
Dei siste åra er det nytta store ressursar på utvikling av nye lukka anlegg for oppdrett av laksefisk. Viktige drivarar har vore kritikken retta mot næringa som følgje av aukande utfordringar knytt til lakselus, rømming og utslepp av slam frå oppdrettsaktiviteten. Utvikling av lukka oppdrettsteknologi er kostnadskrevjande, og for å oppnå god lønnsemd må fisketettheita vere høgare enn det dagens regelver kan tillate. Høg tettheit gir lågare investeringskostnad, men for at å sikre positiv effekt på produksjonskostnad må ein forutsette at fiskens velferd, helsetilstand og ytelse ikkje vert skadelidande. Det er dette forskingsprosjektet tek sikte på å finne løysinga på.
Vi skal rett og slett finne den perfekte modell for å produsere stor og robust fisk på land ved hjelp av gjennomstrømmingsteknologi, gjenvinning av sjø og trening av fisk. Det vert utruleg spennande å sjå korleis driftsprotokollen truleg må endre seg alt etter kor mykje fisk, kva tettheit og korleis vasskvalitet vi har til ein kvar tid. På sikt kan vi heilt sikkert implementere ulike algoritmar som kan veilede driftsoperatørane, men til å byrje med handlar det om å dokumentere vekst og fiskevelferd, seier Asbjørn Dyrkorn Løland, FoU-ansvarleg for Bulandet Miljøfisk. Frå Akvahub sitt kontor i Leirvik i Ytre Sogn skal han koordinere FoU-arbeidet og vere Bulandet Miljøfisk sitt bindeledd inn mot den tunge fagkompetansen i Bergen.
Eit tverrfagleg miljø med erfaring og ekspertise innan dei aktuelle forskingsfelta vil utgjere forskingsgruppa. På vegne av Bulandet Miljøfisk As vil Asbjørn D. Løland fungere som prosjektleiar og ivareta all kommunikasjon mellom selskapet og samarbeidande forskarar. Prosjektets vitenskapelege del vert leia av dr. Sigurd Handeland, og ei styringsgruppe beståande av næringsaktørar vil etablerast. Når prosjektet startar, vil ein prosjekttilsett forskar bli rekruttert inn via UiB og denne vil ha ansvar for praktisk gjennomføring av prosjektet, herunder tilrettelegging for studentoppgåver i regi av KABIS prosjektet.
Bulandet Miljøfisk sitt pilotanlegg representerer en unik mulighet til å dokumentere en ny oppdrettsmodell basert på norske fortrinn. Sammen med Akvahub skal vi dokumentere fiskevelferd og utarbeide en driftsprotokoll for produksjon av en svært robust postsmolt og matfisk, sier Sigurd Handeland, amanuensis ved Universitetet i Bergen.
Ulike delprosjekt og deling av kunnskap
Hovudprosjektet er inndelt i tre ulike delprosjekt som alle vil bidra til ein ny driftsprotokoll for Bulandet Miljøfisk.
Delprosjekt 1 handlar om å framskaffe dokumentasjon på bruk av ulike gradar av semi-intensiv resirkuleringsteknologi og vannhastigheit på fiskevelferd, helse, stressrespons og tilvekst hos postsmolt av laks. Delprosjekt 2 skal etablere eit utvida kunnskapsgrunnlag for produksjon av postsmolt basert på aktiv bruk av vannhastigheit, altså trening av fisk. Til slutt skal all denne informasjonen inkorporerast i ein driftsprotokoll for produksjon av postsmolt i landbaserte anlegg.
Sjølv om store delar av forskinga vil foregå i pilotanlegget til Bulandet Miljøfisk, vil resultata vere nyttige for alle som driv, og som har planar om å drive oppdrett i lukka einheiter.
Gjennom «Nettverk for lukka oppdrettsteknologi» har vi allereie knytt kontakt med ei rekke aktørar som held på å utvikle lukka oppdrettsteknologi. I dette fora kan vi dele og diskutere utfordringar, og resultata i piloten vil vere aktuelle å presentere der, seier Løland.