Bulandet Miljøfisk og covid-19
Eg er veldig glad for at vi valde å vere konsekvente med å stenge ned aktiviteten på byggeplassen i april. Både situasjonen på Havyard i Leirvik og andre stadar i nærområdet viser kor vanskeleg det er å styre slike situasjonar på byggeplassar med mykje folk i turnus. Vi ville for alt i verda ikkje vere grunnen til at viruset fann vegen til øyane, seier dagleg leiar Hans Haddal.
Då Covid 19 pandemien traff Noreg i mars fekk dette dramatiske konsekvensar for framdrifta i byggeprosjektet til Bulandet Miljøfisk. Ein rakk heldigvis å gjere tomta byggeklar før aktiviteten på byggeplassen vart stengt ned. Via digitale hjelpemiddel har ein også lukkast med å halde framdrift i sluttføring av prosjekteringsfasen.
Utover vinteren og våren 2021 må vi på nytt ha folk på byggeplassen igjen. Med auka byggeaktivitet må vi også handtere risikoen knytt til smittevern. Eg kjenner meg likevel trygg på at vi er mykje betre rusta for dette no enn det vi var i mars. Så lenge Askvoll kommunen opplever at dei har god samfunnskontroll så bør vi også kunne dette til på ein god måte dersom alle tek symptom, hygiene og avstandsreglar på alvor, avsluttar Haddal.