[et_pb_section fb_built=»1″ admin_label=»section» _builder_version=»4.8.2″ hover_enabled=»0″ module_alignment=»center» width=»80%» sticky_enabled=»0″][et_pb_row admin_label=»row» _builder_version=»3.25″ background_size=»initial» background_position=»top_left» background_repeat=»repeat»][et_pb_column type=»4_4″ _builder_version=»3.25″ custom_padding=»|||» custom_padding__hover=»|||»][et_pb_text admin_label=»Text» _builder_version=»3.27.4″ background_size=»initial» background_position=»top_left» background_repeat=»repeat»]
Sunnfjord-modellen i samarbeid med Landøy Fiskeoppdrett
Eit steinkast frå Bulandet Miljøfisk på Gjørøy Nord finn vi ein av Landøy Fiskeoppdrett sine fire lokalitetar, Guriøyna. Straumsterk, og idyllisk plassert ved Ytre Melværsundbrua, ein lokalitet som er kjend for å produsere høgkvalitets fisk for Landøy Fiskeoppdrett sine kundar. Dette er ein av lokalitetane som skal inngå i eit nytt samarbeidsprosjekt der smolten først skal vekse opp som postsmolt hos Bulandet Miljøfisk og deretter settast ut i sjø på Landøy Fiskeoppdrett sine lokalitetar.
Dette samarbeidet kallar vi for Sunnfjord-modellen. Sunnfjord-modellen er eit konsept som adresserar nokre av oppdrettsnæringa sine største utfordringar: lakselus, arealtilgang og miljøpåverknad. Trafikklysordninga som regulerar vekst i oppdrettsnæringa, syner i 2020 raudt lys i produksjonsområde 4 (område Nordhordaland til Stadt) noko som medfører eit reduksjon i tillaten produksjon på 6 %. Per dags dato er det lakselusa si påverking på villfisk som styrer fargen på trafikklyset, men fleire måleparameter vil bli innført i framtida.
Saman med Landøy Fiskeoppdrett skal vi teste om en høgkvalitets postsmolt frå vårt pilotanlegg kan bidra til ei kortare og meir effektiv produksjonstid i sjø. I pilotanlegget skal postsmolten gjennomgå eit treningsprogram som kan bidra til ein mer robust fisk som settast ut i sjø, og som dermed betre kan motstå utfordringar med sjukdom og lus. Ved å produsere ein meir robust fisk, og ha ein kortare produksjonssyklus i sjø, vil smittepresset frå lakselus reduserast. Dette vil vere eit direkte bidrag til å i første omgang få gult lys i trafikklysordninga ved neste evaluering. Samtidig vil det krevje at fleire aktørar samlar seg og kan koordinere og påverke eit større geografisk område for å oppnå god effekt.
Gevinsten for Landøy Fiskeoppdrett vil uansett kunne realiserast umiddelbart. Ved å bruke optimalisert storleik på postsmolt vil dei oppnå større fleksibilitet med sine fire lokalitetar. Samspelet mellom sjøproduksjon og landproduksjon kan utløyse eit endå større potensiale i sjødrifta. Landøy Fiskeoppdrett vil få fleire valmoglegheiter når det gjeld produksjonsplanlegging, tidspunkt og lengde for brakklegging og generell biomasseutnytting. Sunnfjord-modellen vert ei investering med både kortsiktig og framtidig avkasting.
Roar Landøy er dagleg leiar i Landøy Fiskeoppdrett og dei har nettopp investert i nytt kontorbygg og nytt lagerbygg. Det vert rigga for framtida ute i øyane.
Samarbeidet med Bulandet Miljøfisk vert utruleg spennande. Det er ikkje tvil om at dersom ein lukkast med bruk av postsmolt vil dette utløyse eit stort potensiale for oss. Vi har fire lokalitetar rundt Værlandet, i kort avstand til Miljøfisken, og vi vil få høve å teste ut korleis fisk som har gått på land vil prestere samanlikna med fisk som kun går i sjø. Basert på desse erfaringane kan me på sikt endre heile produksjonsplanlegginga vår og effektivisere bruken av lokalitetane våre på berekraftige premiss. Vi trur at Sunnfjord-modellen, eit lokalt samarbeid her i regionen, vil vere eit viktig grep i å sikre ei berekraftig utvikling av næringa vår.
-Roar Landøy, Landøy Fiskeoppdrett
[/et_pb_text][/et_pb_column][/et_pb_row][/et_pb_section]
Kommentarer
Ett kommentar til “Sunnfjord-modellen i samarbeid med Landøy Fiskeoppdrett”
5