Gründerane våre
Bak store prosjekt står det gjerne nokon som ser noko det andre ikkje ser, og som ikkje let seg stoppe av det som held folk flest tilbake frå å satse. Oddmund Storesund som er gründeren bak ideen om å starte landbasert akvakultur på Bulandet er absolutt ein av desse.
Etter mange år som prosjektleiar på store utbyggingsprosjekt i Bergensregionen hadde Oddmund lenge hatt eit mål om å flytte til Bulandet. På Bulandet eigde sambuar Anne Margrethe Grepstad ei tomt som var som skapt for landbasert akvakultur. Tomta låg nær sjøen og med høve til å bygge anlegget ned i grunnen slik at ein kunne spare mange energikroner per kilo produsert fisk samanlikna med annan teknologi. Anlegget ville også ligge så lavt i terrenget at det ville gli fint inn i naturmiljøet rundt.
I mars 2015 tok Oddmund kontakt med Ola Sveen og med dette var arbeidet med å utvikle «Bulandet-modellen» i gang. Modellen handlar om å lage et energieffektivt system som utnyttar det norske fortrinnet med tilgang til god vasskvalitet. Deler av vasstraumen blir brukt opp igjen gjennom eit eigenutvikla system for sjølvreinsing av fiskekara (SIRAS™), men ein unngår heilt bevisst bruk av biofilter for å reinse vatnet.
Ola Sveen er eit kjent namn i akvakulturnæringa på vestlandet og har mykje erfaring med stamfisk og settefisk i lukka anlegg. Det kanskje færre er klar over er at han også er ein av veldig få som faktisk har drive med oppdrett av stor laks i lukka anlegg over mange sesongar.
I perioden 1989-1994 var Ola prosjektleiar for et prosjekt i Frankrike som handla om oppdrett av laks i ein konvertert kornlekter. På det meste produserte han 900 tonn i året på denne båten og kvaliteten på fisk var heilt suveren når han samanlikna med kvaliteten på søsterfisken som vart sett ut i åpne merder heime i Norge.
For Ola er Bulandet-modellen måten å gjere dette på dersom ein kan planlegge eit lukka anlegg heilt frå start. Ting skal vere så enkelt og robust som råd. Vatnet skal flyttast gjennom anlegget så energieffektivt som mogleg. Og anlegget skal også organiserast slik at alle arbeidsoperasjonar kan gjennomførast på ein god og praktisk måte.
For gründerane i Bulandet Miljøfisk handlar dette prosjektet også om å skape noko positivt for eit lokalsamfunn som har behov for framtidsretta arbeidsplassar. Bulandet Miljøfisk er ein av dei største satsingane på næringsutvikling som nokon gong har vore på Bulandet.