Leiinga i Bulandet Miljøfisk

Kjerneteamet i Bulandet Miljøfisk

Hans Haddal, Knut Eikeland og Christian Hatlem Skår utgjer leiartroikaen i Bulandet Miljøfisk AS i utbyggingsfasen. Hans Haddal har fungert som dagleg leiar for gründer Oddmund Storesund sidan mars 2020. Selskapet har no bestemt at Haddal held fram i denne funksjonen fram til anlegget kjem i drift.

Knut Eikeland har vore styreleiar i Bulandet sidan mars 2020 og vil no engasjere seg aktivt som arbeidande styreleiar slik at leiinga får tilstrekkeleg administrativ kapasitet til å støtte prosjektorganisasjonen i utbyggingsfasen.

Christian Hatlem Skår som til no har vore prosjekteringsleiar i prosjektet går inn i rolla som teknisk sjef i Bulandet Miljøfisk AS med ansvar for å lede prosjektorganisasjonen.

Bulandet Miljøfisk vil trenge fleire tilsette

I tida framover vil Bulandet Miljøfisk trenge fleire tilsette. Dette gjeld både i utbyggingsfasen og seinare i driftsfasen. Håpet vårt er at selskapet kan bli ein attraktiv arbeidsplass for personar som bur på Bulandet og Værlandet.

Vi håpar aktuelle arbeidssøkarar vil fylgje med på aktuelle utlysingar.

Det skader heller ikkje å ta kontakt for ein samtale om kva kvalifikasjonar vi ser etter.

 


Publisert

i

av

Stikkord: