Beskrivelse av arbeidsgiver

Bulandet-modellen for landbasert akvakultur – berekraftig produksjon av laks og aure basert på norske naturlege fortrinn. 

Bulandet Miljøfisk AS er eit utviklingsselskap i Askvoll kommune som har fått tildelt konsesjon for landbasert akvakultur av laks og aure. Selskapet kombinerer gjennomstrøyming med ei viss grad av resirkulering utan bruk av RAS-teknologi og biofilter. Med støtte frå Innovasjon Norge samarbeider Bulandet Miljøfisk AS med Norce og Universitetet i Bergen om utvikling av norsk miljøteknologi.

 

Bli med å forme havbruksnæringa på land!

Vår prosjekteringsleiar har gått over i rolla som prosjektleiar for utbyggingsprosjektet.  Vi søker derfor etter Teknisk koordinator/prosjekteringsleiar.

Dette er ei moglegheit til å bli ein nøkkelperson i teamet som planlegg og bygg akvakulturanlegg etter «Bulandet-modellen».  Stillinga rapporterer til prosjektleiar.

 

Vi kan tilby desse arbeidsoppgåvene:

  • Leie prosjekteringsarbeidet, gjennom blant anna å leie prosjekteringsmøter, koordinere eksternt prosjekteringsarbeid og leie internt prosjekteringsarbeid.
  • Følgje opp leverandørar og bidra til robuste og gode biologiske/teknisk løysingar
  • Ta del i oppgåver knytt til kvalitetssikring og risikoanalyse.
  • Administrere teknisk prosjektdokumentasjon (FDV, dokumentasjon mot regelverk)
  • Bidra fysisk i test- og oppstartsfase, samt bistå med etablering av gode driftsrutinar.
  • Overføre driftserfaring frå pilot og inn i prosjektering av fullskala anlegg
  • Initiere prosjekteringsarbeidet for fullskala utbygging

 

Vi ynskjer desse faglege kvalifikasjonane:

  • Relevant erfaring og teknisk bakgrunn frå havbruksnæringa
    (Gjerne frå bygging/ombygging av landbasert oppdrett)
  • Teknisk og tverrfagleg arbeidserfaring
  • Høgare teknisk utdanning som t.d. maskiningeniør eller innan marin teknikk er ein fordel.
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk
  • Førarkort klasse B

 

Vi er på jakt etter desse personlege kvalifikasjonane:

  • Du er ansvarsfull og tar eigarskap
  • Du jobbar metodisk og systematisk
  • Du er ein lagspelar.

 

Vi kan elles tilby:

100% fast stilling

Lønnsvilkår etter avtale

Handlingsrom og sjølvstende

Eit godt og spennande utviklingsmiljø

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsstad er Leirvik i Sogn i Hyllestad kommune og Bulandet i Askvoll kommune.

 

For meir informasjon og spørsmål ta gjerne kontakt med:

Prosjektleiar Christian Hatlem Skår. Christian@miljofisk.no / +47 452 26 079

Dagleg leiar Hans Haddal.  Hans@miljofisk.no / +47 414 46 452

 

Søknad med CV kan sendast snarast og innan 18. november 2020 til Post@miljofisk.no