Christian Hatlem Skår vert ny prosjektleiar

Christian Hatlem Skår har via Akvahub vore prosjekteringsleiar i Bulandet Miljøfisk sidan i fjor vinter, men er no gitt permisjon frå Akvahub på eit år for å gå over i full stilling som prosjektleiar. Frå og med 2.november vil derfor Christian leie arbeidet med å realisere pilotanlegget, og han får ei nøkkelrolle i organisasjonen som er under oppbygging under leiing av dagleg leiar Hans Haddal. Forsking- og utviklingsansvaret på fiskehelse og biologisida vil framleis ligge hos Akvahub, med Asbjørn Dyrkorn Løland som FoU-leiar.

For Bulandet Miljøfisk er det no viktig å bygge opp eit team med tanke på utbygging og oppstart av drifta. Det vart i denne samanheng ganske naturleg for Christian å ta steget over i Bulandet Miljøfisk med tanke på den viktige rolla han allereie har hatt som prosjekteringsleiar. Sidan Christian har arbeidd tilnærma hundre prosent for Bulandet Miljøfisk i år, vil ikkje dette gå særleg ut over kapasiteten i dei andre prosjekta i Akvahub.

Bulandet Miljøfisk etablerer seg i kontormiljøet i Leirvik

Bulandet Miljøfisk etablerer no eit prosjektkontor i samlokalisering med Akvahub i Leirvik i Sogn.  Hans Haddal, dagleg leiar i Bulandet Miljøfisk, forklarer lokaliseringa med at Leirvik i Sogn ligg geografisk godt til mellom Bulandet, Bergen og kunnskapsmiljøa innanfor akvakultur i Sunnfjord.

I tillegg var vi med å stifte Akvahub som også fungerer som FoU-avdeling i Bulandet Miljøfisk. Vi ser difor eit stort potensial i å kunne engasjere oss enda meir aktivt i HAFS-regionen, seier Haddal

Akvahub sin visjon er å vere ein drivar for berekraftig utvikling innan havbruksnæringa.

At Bulandet Miljøfisk no etablerer seg med kontor i Leirvik er veldig positivt for havbruksmiljøet vi er i ferd med å bygge opp her. Vi vil fortsatt nyte godt av fagleg sparring med Christian, og potensielt fleire som også kjem til, seier Asbjørn Dyrkorn Løland.

 

 


Publisert

i

av

Stikkord: