[et_pb_section admin_label=»section»]
[et_pb_row admin_label=»row»]
[et_pb_column type=»4_4″][et_pb_text admin_label=»Text»]Vil du bli med på laget vårt?
Bulandet Miljøfisk AS er eit innovativt selskap med løyve til å produsere laks og aure på land. Driftssjef og assisterande driftssjef er på plass. Vi søkjer no etter deg som er interessert i å vere med på driftsteamet. Vi har to (-2-) ledige stillingar som driftsteknikar.
Arbeidsoppgåver:
- Vere ein del av driftsteamet som sikrar at fisken har det best mogeleg
• Fôring, kontroll og ettersyn av fisk
• Kontroll og vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg
• Produksjon og kvalitetsoppfølging av selskapets styringssystem
• Delta i arbeidsoperasjonar som mottak, flytting og levering av fisk mm
• Delta i vaktordning
Kvalifikasjoner:
- Fagbrev innan akvakultur eller tekniske fag, som for eksempel elektro, rør eller mekaniske fag
• Erfaring frå landbasert fiskeproduksjon og oppdrett i sjø er ein stor fordel
• Relevant erfaring frå akvakultur eller andre tekniske yrke kan erstatte utdanningskrav
• Førarkort klasse B. Trucksertifikat er en fordel
Personlege eigenskapar:
- Du er ein initiativrik og utviklingsorientert lagspelar med stort engasjement for å lukkast
• Du er interessert i korleis fisken har det til einkvar tid
• Du forstår verdien av å utvikle og etterleve gode rutinar og prosedyrar for drift og HMS
• Du er praktisk anlagt og løysingsorientert, og kan jobbe ute i all slags vêr
• Du tek ansvar og kjenner eigarskap til arbeidet du utfører
Vi kan tilby:
- 100 % fast stilling i eit godt og spennande utviklingsmiljø
• Konkurransedyktige arbeids- turnus og lønnsvilkår
• Handlingsrom og sjølvstende
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Driftsteknikarar rapporterer til Driftssjef i Bulandet Miljøfisk AS.
Arbeidsstad er Bulandet i Askvoll kommune.
Ta gjerne kontakt med Asbjørn D. Løland på +47 970 86 259, Ola Sveen på +47 908 05 454, for meir informasjon om stillinga.
Søknad med CV kan sendast til hans@miljofisk.no innan 31.desember 2021.[/et_pb_text][/et_pb_column]
[/et_pb_row]
[/et_pb_section]