Velg en side

Om stillingen

Har du bakgrunn innan elektro eller mekaniske fag bør du vurdere å søke på denne stillinga. Her kan du få brukt din fagkompetanse til å utvikle eit godt oppdrettsmiljø for fisk på land.

Bulandet Miljøfisk AS er eit innovativt selskap som skal produsere laks på land basert på eigenutvikla teknologi. Eit driftsteam på fire er alt tilsett ved pilotanlegget i Bulandet. Vi søkjer no etter deg som skal representere det teknisk teamet i den daglege drifta. Som del av det tekniske teamet vil du også vere med på den spennenda reisa som handlar om å skalere opp anlegget i åra framover.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein del av driftsteamet som sikrar at fisken har det best mogeleg
  • Stadig forbetring og effektivisering
  • Eit særleg ansvar for kontroll og vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg
  • Sjå til at teknisk lærdom fra piloten blir brukt i oppskaleringa av anlegget
  • Fôring, kontroll og ettersyn av fisk
  • Produksjon og kvalitetsoppfølging av selskapets styringssystem
  • Bidra til god kommunikasjon mellom driftsteamet og teknisk team
  • Delta i arbeidsoperasjonar som mottak, flytting og levering av fisk mm
  • Delta i vaktordning

 

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev/utdanning innan elektro eller mekaniske fag
  • Erfaring frå akvakultur, spesielt landbasert anlegg, er ein fordel
  • Førarkort klasse B. Trucksertifikat er en fordel

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg interessert og sjølvstendig. Du tek eigarskap til arbeidsoppgåvene
  • Løysings- og utviklingsorientert lagspelar som stiller opp for dei rundt deg når det trengs
  • Du forstår verdien av å utvikle og etterleve gode rutinar og prosedyrar for drift og HMS
  • Du ser fisken og er genuint opptatt av at den skal ha det best mogeleg til ei kvar tid

Vi kan tilby

  • 100 % fast stilling i eit godt og spennande utviklingsmiljø
  • Konkurransedyktige arbeids- turnus og lønnsvilkår
  • Handlingsrom og sjølvstende under ansvar i arbeidet
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Innkvartering i vaktperiodar
  • Arbeidsstad er Bulandet i Askvoll kommune

Neste skritt

Ta gjerne kontakt med driftssjef Øyvind Høie +47 482 30 870 eller teknisk sjef Christian Hatlem Skår +47 452 26 079.

Søknad med CV kan sendast til produksjonssjef Steinar Haveland Midtbø steinar@miljofisk.no innan 03. april 2022