Teamet
I miljøet rundt Bulandet Miljøfisk bygg vi samhold med utgangspunkt i eit felles mål – å produsere sunn fisk av topp kvalitet. Vi er på utkikk etter deg som ønsker å bli med på reisa vår, enten aktivt eller ved å melde deg på vårt faglege nyhendebrev om akvakultur og fiskehelse.






Velkommen til Bulandet og Værlandet!
Ønsker du å jobbe med hyggelege og dyktige folk, og er du interessert i å være med på spennande innovasjon og utvikling? Då kan miljøet rundt Miljøfisk og Akvahub være staden for deg. Miljøfisk vart stifta i 2015. Vi er no i gang med å bygge pilotanlegget. Om alt går etter planen vil det være fisk i anlegget i løpet av 2021. For å kunne fortsette med å nå måla våre i tida framover treng vi:
- Motiverte medarbeidarar
- Dyktige medeigarar
- Kreative samarbeidspartnarar
Vi er inne i ei spennande utvikling
Pilotfasen vil gå over dei neste tre åra. Når vi har resultata vi treng frå denne fasen startar utbygginga av anlegget i full skala. I miljøet rundt Bulandet Miljøfisk bygg vi samhold med utgangspunkt i eit felles mål – å produsere sunn fisk av topp kvalitet. Vi er på utkikk etter deg som ønsker å bli med på reisa vår, enten aktivt eller ved å melde deg på vårt faglege nyhendebrev om akvakultur og fiskehelse.
Er du vår neste medeigar?
Landbasert akvakultur er ei næring som treng interesserte og engasjerte eigarar. At vi skal utvikle oss på ein kunnskaps- og erfaringsbasert måte ligg heilt i kjernen av vår tenking. Ta gjerne kontakt dersom du er interessert i å investere i prosjektet og denne tilnærminga til innovasjon.